Første fellestur

Onsdagar ser ut til å vere gode sykkeldagar. 18. mai hadde Ørskog sykkelklubb sin første fellestur. Turen gjekk frå Ørskoghallen til Gausneset med retur over Valgermo til Ørskoghallen igjen.

På første turen var vi 14 som deltok og nesten alle valde å bli med heile turen. Det vart nok litt einsamt for minstemann, men sykkelklubben fekk vel tankar om betre måtar å ta vare på dei minste då Alf Erling syntest dette vart litt hardt og heller ville på fotballkamp. Betre lukke neste gong.

Dei andre hadde i alle fall ein fin tur til "vegs ende" på Gausneset. På biletet ser vi ein blid gjeng som trossa kald vind og fuktig luft for fellestur denne kvelden. 

Kom gjerne med innspel og forslag til neste Onsdagstur. Kvar denne no måtte ende :-)

Følg med her og i media elles på utviklinga til klubben, eller kom heller og bli med. Då får du førstehandsinfo om kva vi driv med.


Sist oppdatert (torsdag 26. mai 2011 06:26)