Please update your Flash Player to view content.
Aktuelle ruter

Aktuelle ruter

Aktuelle ruter:

Rutene her tek utgangspunkt i Ørskog sentrum.

Amdam- Grytalisætra:

Denne turen går tildels langs hovudvegen mot Stordal (650). Deler av vegen er der gang og sykkelveg av god standard. Det er imidlertid naudsynt å krysse vegen nokre gongar om ein ynskjer å nytte gang og sykkelvegen, då denne skifter side.

Ein kan anten sykle over Sollia. Ein relativt tung stigning er innbaka i denne ruta men ein får til gjengjeld kome svært tett på fin natur. Alternativet er å sykle langs 650 til Vaksvik. Med ein trang passasje rundt Skarbøhammaren. Her køyrer det store vogntog og bussar så ver forsiktig.

I Vaksvik tek ein av på FV102 mot Vaksvikfjellet til gamle sportskapellet, før turen går vidare på grusvegar innover til eit kryss der det er enkelt skilta Grytalisætra. Her er du kun ca 1km frå den vakre sætra ved foten av Lauparen

Frå Sjøholt tek turen ca 1,5timar. Ein varierande tur med nokre litt tyngre parti, men ein får og god tid til å "hente seg innatt" på dei flatare partia av turen.

 

Liasætra-rundt Svartløken - Skodje-  Sjøholt

Ei rute som set litt krav til utøvaren. Turen har med seg det meste. Frå vakre skogsvegar over myrvegar før ein får ei fin nedkøyring til Fylling. NB. Her er det lett å "la det stå til" men farta ka bli stor og vegen har mykje laus grus som gjer det litt skummelt til tider. For ikkje å snakke om at det ofte ruslar sauer rundt neste sving. På Fylling tek ein til venstre på asfaltveg mot Skodje. Før ein returnerer til Sjøholt anten via E 39 eller riksvegen opp Solnørdalen.

Tidsbruk ca 2,5 timar. Distanse  36km.

Nivå: Medium- Løypa krev at det har vore opphaldsver nokre dagar for at ein skal klare å forsere dei to korte myrstrekningane utan å måtte gå av sykkelen. Om ein tek det med ro kan dei fleste klare å gjennomføre denne turen.

 

"Rundt bygda"

Turen som dei aller fleste klarer. Her kan ein ta familietur med avtikkarar til Giskemosaga, og andre stadar.

Tidsforbruk: 20min + Distanse 7km.

Nivå: Lett -For alle men kanskje ikkje for born aleine. Farlig krysningspunkt over E39 ved Valgermo. Sykle langs riksveg frå Valgermo til Giskemo. Ellers er der gode sykkelvegar langs det meste av ruta.

 

Vaksvikfjellet -Tresfjord

Ei ufordring for kondisjonen er denne turen som tildels går i naturskjønne område på grusa fjellvegar og dels langs sterkt trafikkerta E39.

Turen startar lang 650 mot Vaksvik før ein tek av langs 102 mot Vaksvikfjellet. Ei relativt tung stigning som premierer deg med ein nedfart mot Tresfjorden som kan ta pusten frå dei fleste. Pass på her kan det komme overaskingar som krev di fulle oppmerksomheit .
Vel nede i Tresfjorden går turen langs E136 mot Vestnes før ein kjem inn på E39 mot Ørskog. Skorgedalen som strekninga mot Ørskogfjellet kallast har stor trafikk så her er det viktig å vere synleg og flink til å halde sida si. Trafikkreglane gir rom for å sykle i breidda men ein anbefalar å sykle på rekkje.
På Ørskogfjellet kan ein velje om ein vil trille direkte ned E39 til Sjøholt eller ta ein avtikkar om Svartløken og Liasætra. Kjempeartig.

Tidsforbruk: 3,5 timar Distanse ca 55km

Nivå: Tung - Dei fleste som er litt trena klarer å gjennomføre denne turen. Men det er viktig å ha med seg godt med næring og drikke. Går ein tom for krefter i Skorgedalen vert stigninga svært lang.

Skodje om Utvika-Magerholm

På "mountainbike" er dette ei utfordring for mange. Her kan ein velge mellom alternative vegar. Om Solnørdalen eller Tøssa til Skodje eller over Digernes. Det roligaste alternative opp mot biltrafikk er Solnørdalen og Skodje.
Turen langs Utvika byr på tre skikkelige "pesebakkar" men går elles stort sett langs sjøen. I Spjelkavik er "gamlevegen ved gamle Spjelkavikkrysset og videre til Myrabakken å foretrekke. Her er relativt gode gang og sykkelvegar. Vegen inn mot Magerholm er svært trafikkert så pass på. Då gjenstår turen vidare inn mot Glomset og Valle fær retur til Sjøholt.

Tidsforbruk 3timar+ for dei fleste. distanse 67km

Nivå: Tung - kanskje ikkje turen for dei som er ferskast i gamet. Husk næring og drikke for å unngå "å gå tom".

 

Skodje - Tomrefjorden - Sjøholt

Ein utfordrande tur som byr på mykje fin natur men på strekningar også gir selskap av til tider nærgåande tungtrafikk.

Turen går via Skodje opp til Fylling (Engesetdalen) her tek ein av på skogsveg mot Tomresetra før ein kryssar ned att til Tomrefjorden. nedstigninga hit er prega av nokså bratte vegar med knappe svingar. Her det lett å bli overmodig med påfølgande problem med neste sving. Motgåande trafikk kjem svært brått på. Tomrefjorden til Vestnes går på asfaltvegar med moderat trafikk. Før skorgen kan ein velge anten å sykle Skorgedalen (E  39) mot Ørskogfjellet og Sjøholt (Ta gjerne turen om Svartløken i satden for ned Landedalen mot Sjøholt) Eller ein kan ta turen om Tresfjorden og over Vaksvikfjellet til Sjøholt. Turen frå Tresfjord til Sportskapellet i vaksvik går på grusvegar av ymse kvalitet. Stigninga opp er ei utfordring men turen ned er forfriskande.

Tidsforbruk 3,5timar+ Distanse 70km

Nivå: Tung

Sist oppdatert (mandag 17. juni 2013 20:35)