Please update your Flash Player to view content.
Om Ørskog Sykkelklubb

Om Ørskog Sykkelklubb

Om Ørskog Sykkelklubb

Ørskog Sykkelklubb vart vedtatt stifta som ei undergruppe av Ørskog Idrottslag under eit møte i foajeen i Ørskoghallen 12. April 2011. Som slik gruppe vil det vere naturleg at Ørskog Sykkelklubb vil vedta å tilordne seg lovene til ØIL vedtekne 10.november 1986 med seinare endringar seinast dagsett 13. mars 2003.

Sykkelklubben kjem i stand som eit resultat av eit initiativ frå meir og mindre aktive syklistar i bygda.

Grunnlaget for å etablere sykkelklubben er ynskje om at so mange som mogleg og i alle aldersgrupper skal finne eit fellesskap der sykling og sykkelinteressa skal dyrkast fram.

Til klubben var det 21 påmelde i førekant av og etter møtet.

Møtet valde eit interimstyre beståande av Kjetil Ramsvik, Jann Olsen, Ola Mogstad og Anne Britt Sjøholt. Desse fekk i oppdrag å  utforme ein søknad om opptak under Ørskog Idrottslag. Klubben vil då formelt verte kalla ØIL sykkelgruppa med alias Ørskog Sykkelklubb

Interimstyret skal også starte arbeidet med å få på plass eit ordinært styre og deretter kalle inn til årsmøte der ordinært styre skal veljast.

Sist oppdatert (onsdag 25. mai 2011 15:48)