Please update your Flash Player to view content.

Ørskog Sykkelklubb

Birkebeinerritta 2013

Sykkelklubben var godt representert under Birekebeinerarrangementa i helga. Heile 11 medlemmar fullførte dei 92kilomtrane frå Rena til Lillehammer.

Fredagsrittet gjekk med fine forhold. Der var klubben representert ved Tron Espen Reite 3.52.42, Jan Arild Refsnes 3.52.50 og Jann Olsen 5.04.49

Birken på laurdag baud på nokonlunde samme forhold som  det ein opplevde i 2009 og 2010. Med andre ord regn og tunge oppbløyttte vegar. Desse deltok. Tom Willy Christiansen 4.05.22, Sigurd Groven 3.27.06, Frank Blomvik 3.50.57, Ronny Langset 4.25.03, Kjetil Ramsvik 4.53.03, Jan Petter Aasen 3,50,03, Ann Christin Korsedal 5.02.11 og ikkje minst Vidar Amdam 3.09.11.

Sist oppdatert (onsdag 04. september 2013 21:02)

 
Banner

Nibberittet

Årets Nibberitt i Geiranger gjekk av stabelen 15 juni med fleire av klubben sine medlemmar på startsttreken. På sykkel var det Ann-Christin Korsedal, Jan Arild Refsnes, Jan Petter Aasen og Tom Willy Kristiansen som deltok. Dei gamle er av og til framleis eldst og Tom Willy trakk det lengste strået med gode 1.44.27. Vi gratulerer.

 

Samarbeidspartnarar og drakter

Ei lita oppdatering.. No er samarbeidspartnarar på plass i sykkelklubben og vi har fått på plass hovedsponsoren Sparebank1 SMN. Velkommen også til Jan-Co Mek AS, Ørskog sparebank, Fjellstova, Fysiotrimmen og Sport1 Tomra.

Drakter til medlemmane som ønskte dette er no i bestilling frå leverandør og er venta å bli leverte i løpet av nokre få veker. Bilde av draktutforminga ser de under. Dette trur vi blir veldig flott og gir god synligheit i trafikken.

 

Nye rutealternativ

Etter ein lang vinter er vel dei fleste snart klare til å kaste seg på sykkelen ute.

Her på sidene har vi no begynt å legge ut fleire alternative ruter som ein etter kvart kan prøve seg på. Vi reknar med at folk er flinke til å gi tilbakemeldingar på om denne måten å legge ut ruter på er grei. Og om de skulle ha innspel på andre ruter er vi svært takknemlige for tips om dette.

 

Onsdagsspinning

Hei og Godt Nytt År til alle sykkelvenar.

Då er vi klare med onsdagstreff på Fysiotrimmen kl 19,00 i morgon og håper at så mange som mogleg vil bli med her. For dei som har besøkt timeplanen på Fysiotrimmen si side og oppdaga at denne økta skal ha gradering tung er det berre å seie at det skal den ikkje vere. Tung nok til at det skal opplevast som trening rett nok, men ikkje tyngre enn at alle klarar å bli med.

Først til mølla prisippet gjeld så det kan anskje vere lurt ikkje å kome for seint :-) Så då håpar eg å sjå nettopp deg på ei sveitt økt i regi av sykkelklubben. Vel møtt

 
Våre sponsorar
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner