Please update your Flash Player to view content.

Ørskog Sykkelklubb

Samarbeidspartnarar

Vi har sendt ut invitasjon til 6 leverandørar av all slags sykkelutstyr. 3 av desse er komne med positive svar på at dei ynskjer å vere med på eit opplegg med klubben. Vi har imidlertid ikkje gjort formelle avtalar med nokon av desse enno. Om nokon er i posisjon til å kjøpe seg sykkel eller anna utstyr kan dei henvende seg til interimstyret, så vil vi formidle informasjon om tilbydarar etter kvart.


NB. Det er viktig at alle melder seg skriftlig inn i klubben. med Namn, adresse, telefonnummer, epost, kjønn, alder. Dette er med grunnlag i at vi må melde denne informasjonen inn til forbundet.  Og dette er informasjon vi må ha for at våre samarbeidspartnarar skal kunne utstede fordelskort og anna til medlemmane.

 

Send ein e.post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen så vi får komplettert lister fortløpande.

 

 
Banner

Fellestur 1.juni

Ein god flokk møttest på Ørskoghallen for utflukt. Det kom opp forslag om å ta turen til Kjersemsætra på Vaksvikfjellet. Ein tøff tur for mange. Turen vart meir innhaldsrik enn vanleg i og med at Heidi sleit med lekkasje i eit hjul. Dermed måtte ein til med reparasjon i naturen. Denne erfaringa viser med stor tydeligheit kor viktig det er å ha med "førstehjelsputstyr" når ein er på tur. Pumpe og reserveslange burde alle vurdere å ha med.

Turen gjekk langs vegen inn til Vestre der ein svinga av og tok bakkane over Sollia. Godt med ein liten rast for å få igjen pusten her før ein tok fatt på vegen forbi sportskapellet og inn mot Kjersemsætra.

Ein dryg tur på meir enn 3mil dette. Men alle gjennomførte. Det er godt gjort. Tommelen opp for fighterane som ikkje ga opp.

Blide syklistar i kjølig ver på fjellet

Børre og Jarle på Vaksvikfjellet

Godt å få igjen pusten etter bakkane opp til Massplassen

Sist oppdatert (mandag 06. juni 2011 13:51)

 

Fellestur 25.mai

 

Til tross for relativt dårlig ver vart det arrangert fellestur i kveld. Heile sju friske syklistar møtte opp. 

Turen gjekk via Tøsse - Over Golfbana - Solnørdalen og attende til hallen. På turen hadde vi god guiding i Tor Inge og Alexandra som viste fram alternative ruter for å fullføre denne turen. Svært kjekt med alternativ til rein "vegsykling". 

For dei som gjekk glipp av denne turen kan vi melde om at det kjem nye muligheiter for fellestur neste onsdag.

 

Sist oppdatert (torsdag 26. mai 2011 06:27)

 

Første fellestur

Onsdagar ser ut til å vere gode sykkeldagar. 18. mai hadde Ørskog sykkelklubb sin første fellestur. Turen gjekk frå Ørskoghallen til Gausneset med retur over Valgermo til Ørskoghallen igjen.

På første turen var vi 14 som deltok og nesten alle valde å bli med heile turen. Det vart nok litt einsamt for minstemann, men sykkelklubben fekk vel tankar om betre måtar å ta vare på dei minste då Alf Erling syntest dette vart litt hardt og heller ville på fotballkamp. Betre lukke neste gong.

Dei andre hadde i alle fall ein fin tur til "vegs ende" på Gausneset. På biletet ser vi ein blid gjeng som trossa kald vind og fuktig luft for fellestur denne kvelden. 

Kom gjerne med innspel og forslag til neste Onsdagstur. Kvar denne no måtte ende :-)

Følg med her og i media elles på utviklinga til klubben, eller kom heller og bli med. Då får du førstehandsinfo om kva vi driv med.


Sist oppdatert (torsdag 26. mai 2011 06:26)

 
Våre sponsorar
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner