Please update your Flash Player to view content.

Ørskog Sykkelklubb

Svartløken rundt

Søndag 14. aug går Svartløken rundt av stabelen.

Dette er eit ritt i regi av Ålesund og omegn cykleklubb og som går av stabelen frå Skodje stadion. Rittet går opp Solnørdalen til Liasætra, vidare opp løkvegen og over til Bygdasætra. Før ein set kursen mot Fylling, Engesetdalen og attende til Skodje.

Slik det ser ut no tørkar det opp over dei myrlendte områda frå løken og til Bygdasætra og ein kan truleg vente seg eit fint ritt i flott natur.

Rittet er vel 5mil langt og spenner over alt frå asfalt til myrer. Ei fin utfordring for dei som vil teste seg litt.

Starten er kl. 13,00. og vi ynskjer alle som vil prøve seg lukke til.

 
Banner

Onsdag 10. aug 2011

Vermeldinga for komande onsdag er noko betre enn det vi ser ute i skrivande stund. Eg foreslår ein tur med fast underlag i morgon og kan tenke meg ein tur rundt Engesetdalen eller Digerneset. Spesielt det siste alternativet er ein ganske lett tur som dei aller fleste klarar om dei tek tida til hjelp.

Velkommen til nye syklistar også. Desse fellesturane skal vere turar som ein tilpassar etter den som er minst erfaren på sykkel så det kan godt hende vi vel ein annan tur om det skulle vere aktuellt.

 

Fellesturar

Fellesturane frå Ørskoghallen på Onsdagar kl. 18,00 er ein klar suksess. Her møtast sykkelglade på alle nivå til ein fellestur i området. Sist onsdag gjekk turen til Hjellesætra i Vaksvika. Turen kunne syklast med forskjellig "hardheitsgrad" i og med at det var fleire alternative vegar å komme seg dit. Mange valde å prøve seg på bakkane opp frå Viset til Halvarsætra. For nokon av var dette også første gongen. Vel måtte nokon gå av sykkelen og gå litt i dei brattaste partia, men alle kom seg vel fra til vakre Hjellesætra. Dette er ein tøff tur men ikkje særleg vanskeleg. Nokre parti hadde litt lausgrus, noko som gjorde at det var mest fornuftig å ta det rolig.

Alt i alt ein fin tur.

Komande onsdag vil det også verte tur men det er ikkje avklara kvar turen gå enno. Om nokon har idear til rute er det berre å ta kontakt.

 

Geiranger frå fjord til fjell

Nibbeløpet og Nibberittet 2011 er avvikla og som det har vore vanleg siste åra vart temperaturen og veret ei ekstra utfording for deltakarane. Tåka hang tung over Geiranger og temperaturen i startområdet var så vidt over ti grader.  Det var likevel mange som gjennomførte og fekk oppleve målgang på Dalsnibba i 5 graders varme. Eit løp for dei tøffaste med andre ord.


Får nedslagsfeltet til Ørskog sykkelklubb var der deltakarar både på nibbeløpet og nibberittet. Henrik Waagan Skarbø imponerte med ein 2. plass med tida 18,17 i Nibbeløpet 5 menn. Eit imponerande resultat. Vi gratulerer.


I Nibbeløpet 21 Menn 40-44 år gjorde Erik Røkke det veldig bra med ein 3.plass med tida 1,59,34. I samme grein klasse 45-49 år henta Øystein Bjørdal lik godt inn sigeren med tida 2,02,49


På Nibberittet 21 Menn 20-29 år tok Eivind Klokkehaug ein sterk 3.plass med tida 1,25,11. I klassa 40-49 år sykla Oddgeir Vestre på 1,46,50. og Hallgeir Bjørdal kom i mål på 2,01,57. Klasse 50-59 Ole Jon Skarbø 1,41,21 og Jan Petter Aasen 1,59,49.

 

 

Postvegen

Det er driftige folk som har teke initiativ til å få rydda postvegen over Ørskogfjellet ved hjelp av dugnadsarbeid. Då dette etter kvart kan bli ein fin utfartsveg for syklande vil vi henstille til interesserte om å møte opp på Haugsætra, Ørskogfjellet  Laurdag 18. juni og/eller Laurdag 25. juni.


Om de finn dette interessant må de gjerne gi ei tilbakemelding via Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen slik at dei er førebudde på kor mange som kjem.


Arbeidet dreier seg i stor grad om bering av greiner og stokkar, så her er det arbeid for mange hender.

 
Våre sponsorar
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner