Please update your Flash Player to view content.

Ørskog Sykkelklubb

Årsmøte 2011

På årsmøtet i sykkelklubben som vart halde i foajeen på Ørskoghallen 19.10 vart det valt styre for klubben. Styret skal i denne omgang konstituere seg sjølve, noko som vil skje i løpet av første dagane. Medlemmane i styret er Kjetil Ramsvik, Jann Olsen, Anne Britt Sjøholt, Ola Mogstad, Tor Inge Vestre og Heidi Balseth.


Referat frå årsmøte vil bli lagt fram her.

 
Banner

Årsmøte 2011

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Ørkog IL sykkelgruppa (Ørskog Sykkelklubb)19 .okt 2011 kl.19,00 i foajeen i Ørskoghallen

Vanlige årsmøtesaker


Saker må vere interimstyret ved Kjetil ramsvik i hende seinast ei veke før årsmøtet.

 

Møte i sykkelklubben

Møte i sykkeklubben i Ørskoghallen


Onsdag 21. september kallar vi inn til møte i sykkelklubben.  

Tema for dagen er korleis sykkeklubben kan bidra til å auke interessa for sykling og korleis sykkeklubben kan legge til rette for at flest mogleg vil vere med i eit slikt fellesskap.

Alle er invitert både medlemmar og dei som kanskje kunne tenke seg å bli med.

 

Viktig melding til sykkelvenar

Då er vi tilbake frå en flott tur rundt Solnørdalen.. I dag var vi 11 som var med.

Neste tur blir til Kokarsteinen. Turen skal vere i eit tempo som alle som vil vere med kan klare. Noko som er intensjonen for alle fellesturane på onsdagar. 

Vil gjerne igjen påpeike at fellesturane er for alle. 

Etter at fellesturen er ferdig er det sjølvsagt fritt for alle å ta seg ein ekstrarunde. Noko som også vart gjort i dag. 

Målsetninga framover er å få igong treningsturar på andre tidspunkt enn fellesturane onsdagar kl. 18,00 og som tek for seg spesifikk trening for t.d. landevegskøyring og mountainbike. Kanskje også andre greiner om det skulle vere aktuellt. 

Ein av grunnideane for å stifte sykkelklubb er å få "alle" ut å sykle. Difor er det svært viktig at vi justerer fellesturane til eit nivå som passar dei som møter opp. Nettopp difor kan det sikkert virke som om turane er i ferd med å bli lengre og lengre. 

For deg som tvilar vil eg sei at det er berre å møte opp så skal vi gjere det vi kan for at du skal finne deg til rette i sosialt lag på sykkeltur. 

Velkommen til oss.

 

Søndag 14. aug

For dei spreke i klubben er det ein utmerka dag å bli med på Svartløken rundt rittet. Det er mogleg å melde seg på hjå sekretariatet på Skodje klubbhus. Berekn i såfall god tid før rittet. Kontingent for rittet må betalast før ein får delta så ta med pengar.

 
Våre sponsorar
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner