Please update your Flash Player to view content.

Ørskog Sykkelklubb

Onsdagsspinning

Hei og Godt Nytt År til alle sykkelvenar.

Då er vi klare med onsdagstreff på Fysiotrimmen kl 19,00 i morgon og håper at så mange som mogleg vil bli med her. For dei som har besøkt timeplanen på Fysiotrimmen si side og oppdaga at denne økta skal ha gradering tung er det berre å seie at det skal den ikkje vere. Tung nok til at det skal opplevast som trening rett nok, men ikkje tyngre enn at alle klarar å bli med.

Først til mølla prisippet gjeld så det kan anskje vere lurt ikkje å kome for seint :-) Så då håpar eg å sjå nettopp deg på ei sveitt økt i regi av sykkelklubben. Vel møtt

 

Årsmøte 2011

På årsmøtet i sykkelklubben som vart halde i foajeen på Ørskoghallen 19.10 vart det valt styre for klubben. Styret skal i denne omgang konstituere seg sjølve, noko som vil skje i løpet av første dagane. Medlemmane i styret er Kjetil Ramsvik, Jann Olsen, Anne Britt Sjøholt, Ola Mogstad, Tor Inge Vestre og Heidi Balseth.


Referat frå årsmøte vil bli lagt fram her.

 

Årsmøte 2011

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Ørkog IL sykkelgruppa (Ørskog Sykkelklubb)19 .okt 2011 kl.19,00 i foajeen i Ørskoghallen

Vanlige årsmøtesaker


Saker må vere interimstyret ved Kjetil ramsvik i hende seinast ei veke før årsmøtet.

 

Møte i sykkelklubben

Møte i sykkeklubben i Ørskoghallen


Onsdag 21. september kallar vi inn til møte i sykkelklubben.  

Tema for dagen er korleis sykkeklubben kan bidra til å auke interessa for sykling og korleis sykkeklubben kan legge til rette for at flest mogleg vil vere med i eit slikt fellesskap.

Alle er invitert både medlemmar og dei som kanskje kunne tenke seg å bli med.

 

Viktig melding til sykkelvenar

Då er vi tilbake frå en flott tur rundt Solnørdalen.. I dag var vi 11 som var med.

Neste tur blir til Kokarsteinen. Turen skal vere i eit tempo som alle som vil vere med kan klare. Noko som er intensjonen for alle fellesturane på onsdagar. 

Vil gjerne igjen påpeike at fellesturane er for alle. 

Etter at fellesturen er ferdig er det sjølvsagt fritt for alle å ta seg ein ekstrarunde. Noko som også vart gjort i dag. 

Målsetninga framover er å få igong treningsturar på andre tidspunkt enn fellesturane onsdagar kl. 18,00 og som tek for seg spesifikk trening for t.d. landevegskøyring og mountainbike. Kanskje også andre greiner om det skulle vere aktuellt. 

Ein av grunnideane for å stifte sykkelklubb er å få "alle" ut å sykle. Difor er det svært viktig at vi justerer fellesturane til eit nivå som passar dei som møter opp. Nettopp difor kan det sikkert virke som om turane er i ferd med å bli lengre og lengre. 

For deg som tvilar vil eg sei at det er berre å møte opp så skal vi gjere det vi kan for at du skal finne deg til rette i sosialt lag på sykkeltur. 

Velkommen til oss.

 
Våre sponsorar
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner